Bokpakke alle tre

Bokpakke med dei tre ulike bøkene eg har gjeve ut. Du sparar 157 kroner på å kjøpa denne pakka, kontra å kjøpa bøkene kvar for seg.

Om bøkene:

Alle bøkene inneheld litt over 60 ulike dikt som fyrst er publiserte på instagramkontoen min @berrekristin. Tekstane er korte, enkle og nære, og famnar gode og vonde kjensler og erfaringar ein kan oppleva gjennom dagane, året og livet. Alle bøkene er i same kvadratiske format: 15*15 cm, og har cover dekka med softfolie som kjennest som hud.

Det er mykje meir på innsida : Gjeve ut i 2019, med livet som ramme, frå barndom til alderdom.

Det kan faktisk gå bra: Gjeve ut i 2020, med døgeret som ramme, frå morgon til natt/neste morgongry.

I tilfelle du treng det: Gjeve ut i 2021, med året som ramme, frå ein vår til neste vår.

Eg ynskjer å gje håp og trøyst og lys og varme gjennom orda mine. Setja ord på både det vanskelege, slik at ein får tårene ut, og kjensla av å bli forstått. Og setja ord på håpet om at det vert betre, at gleda ventar igjen rundt neste sving! Eg har fått gode tilbakemeldingar frå lesarar i alle aldre, som kjenner seg truffe av dei enkle tekstane i boka.

Under kjøpeprosessen er det eit eige felt der de kan be om signerte bøker, og evt. skriva kven eg skal skriva helsing til.

Kjøp
  • kr 600,00
100 % SSL Secure