Det er mykje meir på innsida

Ei lita bok med kvardagspoesi. Ramma i denne fyrste boka mi er livet, frå barndom til alderdom. Boka inneheld erfaringar, tankar og kjensler ein kan oppleva undervegs i dette forvirrande, men samstundes vakre livet.

Eg ynskjer å gje håp og trøyst og lys og varme gjennom orda mine. Setja ord på det vanskelege, slik at ein får tårene ut, og kjensla av å bli forstått. Og setja ord på håpet om at det vert betre, at gleda ventar igjen rundt neste sving! Sjølvironi og humor er òg ingrediensar i boka, som i livet. Eg har fått gode tilbakemeldingar frå lesarar i alle aldre, som kjenner seg truffe av dei enkle tekstane i boka.

Dei litt over 60 dikta er fyrst publiserte på instagramprofilen @berrekristin, og er skrivne med mi handskrift. Boka vart fyrst gjeve ut i 2019 på mitt eige forlag, er 15*15 cm, og coveret har softfolie som kjennest som hud, slik at den til og med er god å ta på!

Om du ynskjer at eg skal skriva ei personleg helsing til deg eller nokon andre framme i boka, kan du skriva namnet til den/dei eg skal skriva helsing til, i ein tekstboks i kjøpeprosessen. Du kan sjølvsagt òg ynskja deg ei "generell helsing" utan namn.

Kjøp
  • kr 229,00
100 % SSL Secure