Bokpakke med fire eksemplar av "I tilfelle du treng det"

Firepakning av boka "I tilfelle du treng det", du sparar 196 kroner på å kjøpa denne i staden for å kjøpa fira enkelteeksemplar.

Lita bok med korte og varme tekstar. Ramma i denne tredje boka mi er året, frå ein vår til neste vår. Me svingar innom både dei lyse og dei mørke dagane, og dei grå dagane i mellom. I velkjend stil og format for dei som fylgjer meg via sosiale media. Dei litt over 60 dikta er fyrst publiserte på instagramprofilen @berrekristin, og er skrivne med mi handskrift. Boka kom ut i starten av november 2021 på mitt eige forlag, og er 15*15 cm.

Eg ynskjer å gje håp og trøyst og lys og varme gjennom orda mine. Setja ord på både det vanskelege, slik at ein får tårene ut, og kjensla av å bli forstått. Og setja ord på håpet om at det vert betre, at gleda ventar igjen rundt neste sving! Eg har fått gode tilbakemeldingar frå lesarar i alle aldre, som kjenner seg truffe av dei enkle tekstane i boka.

Om du ynskjer at eg skal skriva ei personleg helsing til deg eller nokon andre framme i boka, kan du skriva namnet til den/dei eg skal skriva helsing til, i ein tekstboks i kjøpeprosessen.

Kjøp
  • kr 1 000,00
100 % SSL Secure