I tilfelle du treng det

Ei lita bok med korte og varme tekstar. Ramma i denne tredje boka mi er året, frå ein vår til neste vår. Me svingar innom både dei lyse og dei mørke dagane, og dei grå dagane i mellom. I velkjend stil og format for dei som fylgjer meg via sosiale media. Tema eg er innom i denne boka er mellom anna kvardag, einsemd, sjølvutvikling, venskap og kjærleik.

Eg ynskjer å gje håp og trøyst og lys og varme gjennom orda mine. Setja ord på det vanskelege, slik at ein får tårene ut, og kjensla av å bli forstått. Og setja ord på håpet om at det vert betre, at gleda ventar igjen rundt neste sving! Eg har fått gode tilbakemeldingar frå lesarar i alle aldre, som kjenner seg truffe av dei enkle tekstane i boka.

Dei litt over 60 dikta er fyrst publiserte på instagramprofilen @berrekristin, og er skrivne med mi handskrift. Boka kjem ut i starten av november 2021 på mitt eige forlag, og er 15*15 cm. Coveret er dekka med softfolie, som kjennest som hud, slik at ho til og med er god å ta på.

Om du ynskjer at eg skal skriva ei personleg helsing til deg eller nokon andre framme i boka, kan du skriva namnet til den/dei eg skal skriva helsing til, i ein tekstboks i kjøpeprosessen. Du kan sjølvsagt òg få ei generell helsing utan namn.

Kjøp
  • kr 299,00
100 % SSL Secure